Til kommunestyret: Ta psykisk helse på alvor! 

Av
DEL

MeningerDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.I Nesodden kommune har det sidan 2007 vorte bygt opp eit unikt psykisk helsetilbod til born, ungdom og foreldre i tenesta Psykisk helse for barn og unge. Her kan foreldre, born og ungdom få eit samtaletilbod som er heilt gratis. Det er berre å senda ein e-post eller å ringja. Familiane får møta psykologar og familieterapeutar med høg kompetanse på psykisk helse. Dette tilbodet står no i fare for å verta redusert, då kommunedirektøren foreslår ein stillingsreduksjon.

Psykisk helse for barn og unge jobbar heile tida med å utvikla tilbod som gagnar innbyggjarane på Nesodden best og har t.d. utvikla eit eige foreldrekurs for tenåringsforeldre «Hold meg, slipp meg», som no vert etterspurt andre stader i landet og i utlandet. Tenesta har stort fokus på å gje hjelp som nyttar og innhentar systematisk tilbakemelding frå alle som kjem til samtalar på kor god hjelp dei opplever og få. Tenesta kan visa til svært gode tal med tilfredse brukarar som i stor grad opplever positive endringar i livet sitt etter å ha hatt eit samtaletilbod i Psykisk helse for barn og unge. Det er fleire enn 300 familiar i året som er i kontakt med tenesta og får hjelp på ulikt vis. I tillegg kan skular, barnehagar, helsestasjonen, barneverntenesta, PPT og andre instansar konsultera fagpersonane i denne kompetente lavterskeltenesta.

Hovudføremålet med å ha ei slik teneste i kommunen er naturleg nok å førebyggja psykiske vanskar. Det sparar kommunen for mykje pengar. Psykiske vanskar er no landets dyraste sjukdomar og fører til mange tapte arbeidsår og skattekroner. Blant unge aukar dei psykiske plagene, det viser t.d. Ungdata som kartlegg ungdomane sin livssituasjon. Tre av fire sjukdomsforløp startar i barne- , ungdoms- eller ung vaksen alder.

Men kva er førebygging av psykiske plager? Eit hovudkjenneteikn ved psykiske vanskar er at ein ikkje klarar å regulera følelsane sine eller åtferda si. Grunnlaget for utvikling av følelsar, tenking, åtferd og sosiale relasjonar vert lagt i svangerskapet og dei første leveåra. Skal ein verkeleg satsa på førebygging må ein styrka hjelpetilbodet til småbornsfamiliar. Psykisk helse for barn og unge tilbyr foreldrekurset «Circle of Security-Parenting». Her får foreldre kunnskap om og støtte i å utvikla trygge foreldre-born-relasjonar, og dei lærer om korleis dei kan hjelpa sine born med å regulera følelsar og åtferd.

Born og ungdom som ikkje lærer seg å handtera eigne følelsar og åtferd i ein trygg vaksenrelasjon kan fort ty til andre strategiar for å meistra liva sine. Det kan vera rus, sjølvskading, kriminell aktivitet eller gaming. Andre utviklar angst- og depressive plager i ungdomsåra. Ungdom på Nesodden bekymrar seg og rusar seg. Dette uroar både kommuneleiinga og politikarane. Det finst ulike måtar å imøtekoma denne utviklinga på. Nei, ikkje alle treng å snakka med ein psykolog. Men Nesodden kommune treng eit sterkt fagmiljø innan psykisk helse som kan vera med å skapa dei gode liva der born og unge kan trivast, ha det godt og få hjelp før det vert for vanskeleg. Så kvifor vil ein då kutta 50% stillingsressurs i tenesta Psykisk helse for barn og unge? Ein burde heller styrka det førebyggjande psykiske helsearbeidet i kommunen i tråd med både kontrollutvalet sine tilrådingar og Stortinget sin opptrappingsplan for psykisk helse barn og unge. Det er god samfunnsøkonomi!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken

Kommentarfeltet er stengt. Det åpner igjen klokken 07:00.