Kvar vil Rødt bygge bustader?

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LeserbrevSom så ofte ellers går Geir Christensen og Nesodden Rødt høgt på banen når dei luktar protestar og konfliktar. Denne gongen er det planane om ein økolandsby på Skoklefall som får Rødt til å smelle til med storslegga. Det er verken det første eller einaste byggeprosjektet Rødt har vore mot dei siste åra. Det skal eg la ligge.

Det eg ønskjer å vite er: Kvar vil Rødt bygge bustader til folk? Folketalet i Oslo og Akershus aukar, og vil auke med fleire hundretusen innbyggarar dei neste 30 åra. Nokre tusen av desse vil finne vegen til Nesodden, og ein eller annan stad må dei bu.

Akershus fylkeskommune, eller Viken som det nå blir, legg føringane for kvar og korleis Nesodden planlegg å bygge ut. Det er klima- og miljøvennleg å bu tett, og derfor skal veksten komme ved eit trafikknutepunkt. Derfor har fylket som utgangspunkt at 80 prosent av bustadbygginga på Nesodden skal skje i gang- og sykkelavstand til trafikknutepunktet Tangen. Nesodden kommune må kjempe for å få lov til å satse på Fagerstrand, og ennå hardare for å få lov til å tøye grensene slik at både Fjordvangen og Alvern blir inkludert i nedslagsfeltet til Tangen.

Spørsmålet mitt er: Kvar vil Rødt bygge bustader til folk? Kvar vil Rødt fortette? Korleis vil Rødt prioritere at Nesodden bruker areala sine? Er strandsonen hellig? Eplehagane? Kva med småskogane eller dyrka mark? Markagrensa? Kva areal i Tangen-området er minst viktige å verne mot utbygging?

Eg har spurt Geir Christensen og Rødt mange gonger på facebook-sida Nesodden Debattgruppe, men aldri fått eit ord til svar. Sjølv er Christensen knallhard når han ber andre politikarar og parti om å svare på hans spørsmål. Den folkevalde Rødt-politikaren er ikkje mindre hard når han ber veljarar svare på spørsmål og dokumentere påstandar som er kritiske til Nesodden Rødt. Nå spør eg, og oppfordrar andre til å gjere det same: Kvar vil Rødt legge til rette for bustadbygging?

Spørsmålet går forresten også til Christian Hintze Holm og SV, som heller ikkje er seine om å fiske etter proteststemmer når dei vêrar politisk konflikt. Det er vel ikkje urimeleg å forvente at politikarar og politiske parti svarar på ei slik utfordring? Eg forventar ikkje at dei peikar på dei eller dei tomtene eller den og den skogen. Blir glad for svar frå andre politikarar også, men dei har i det minste vist vilje til å ta ansvar når dei ikkje har gått i skyttargrava mot økolandsbyen før utbyggaren har presentert planane sine.

Derfor skal vi ikke «snikutbygge» Nesoddmarka

En økolandsby på «Statoil-tomta» tror jeg kunne bli et fantastisk prosjekt

Mere «reklame» for økolandsbyer

Slik ser økolandsbyen ut i Hurdal – slik kan det bli på Nesodden 

Utbygging i marka – økologisk framskritt eller «Grønn» naturødeleggelse

Økolandsby på gårdseiendom 

Dag Idar Jøsang

Alvern

Følg på: Twitter

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags