Mange foreldre virker redde for å sende barna sine til en mulig mobbe- og stoffplaget monsterskole på Skoklefall

Av
DEL

LeserbrevTa vare på det beste på Nesodden! Skulane på Nesodden er eit paradoks. Resultata er mellom dei beste i landet, medan tilførte ressursar er mellom dei minste i landet. Dette paradokset skuldast uvanleg god og velfungerande organisering gjennom høg grad av desentralisering og sjølvstende, der kvar skule er liten nok til at alle, både lærarar og elevar kjenner kvarandre, bryr seg om kvarandre, hjelper kvarandre og har ein identitet saman.

Berre ein av skulane er stor nok til å utvikla noko av det vi kallar stordriftsulemper, med stoffbruk, framandgjering og mobbing. Mange elevar har fått eit betre liv og skulekarriere ved å bli overført til den mindre og meir oversiktelege Jaer Skule. 80 prosent av elevane uttalar eintydig at dei ynskjer å halda på dei små velfungerande skulane sine (Nesodden debattgruppe 31.08). Mange foreldre synest og redde for å senda borna sine til ein mogeleg mobbe- og stoffplaga monsterskule på Skoklefall.

Eg har vore gift med ein lærar i 50 år, har fylgd 3 born og 6 barneborn gjennom skuleverket og har same ynskje for 2 oldeborn. Eg har vore skulestyre-formann i ein annan kommune før eg kom hit i 1969, så eg meiner å ha ein del kjennskap til skulane.

Det er likevel ein del svikt ved skulesystemet vårt. Bygningane er delvis forsømde og nedslitne og treng reparasjon eller nybygg, verst ved Alværn og Myklerud. Hadde vi bygd nytt i dag burde kan hende Alværn ha kome i området Løes - Sandvang slik at fleire elevar på Berger - Jaer området hadde kunna gå eller sykla i staden for å ta buss.

Nesoddtangen treng ny bygning, men la ikkje boligspekulantar ta leikeareala deira til boligspekulasjon. Helst burde Nordre Nesodden få ein barneskule som tillet oversiktig miljø og gang/sykkeldistanse, gjerne i grenseområdet mot Berger så som sør for Skoklefallvatnet. Men totalt vil dette bli vesentleg billigare enn ein ny monsterskule på Skoklefall.

Er då Nesodden feilfri? Det største problemet nå er den låge ressurstilgangen. I ei velfungerande klasse undervisar læraren etter læreplanen og dei fleste elevane fylgjer dette, dei vi i min elevtid kalla Falkane. Men opp til fleire elevar maktar ikkje dette og blir hangande etter, dei som noko brutalt blei kalla Moldvarpar. Her skulle klassa hatt ressurspersonar som andre lærarar, logopedservise eller assistentar som kunne hjelpa dei som slit. Utan ressursar til slikt hjelpepersonell, eller vikarar ved sjukdomsforfall, fell dei veike elevane gjennom og kan enda som funksjonelle analfabetar.

I Amta 30.08 skriv Høgres Torbjørn Sætre " I fellesskap har vi lyktes med å gjenvinne styringen med økonomien i Nesodden Kommune. Fra nesten ikke å ha reserver i det hele tatt står kommunen i dag etter flere år med god og målrettet økonomistyring med reserver på omlag 200 millioner kroner. Dette er egenkapital som gjør at kommunen vil være i stand til å møte de store investeringsbehovene."

Så alle foreldre som ser borna sine slita og falla igjennom; dei pengane og dei ressursane som skulle hjelpt dei, ligg no i staden og rotnar i Høgres investeringsfond. Stå derfor opp mot Høgrestyret i skulen og i kommunen og ta vare på det som har gjort skulane på Nesodden gode.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags