Du er ikkje mobba, Ø. Marman!

Av
DEL

Vær hjemme selv om du er borte. Lokale nyheter – 5 kr for 5 uker

LeserbrevDu treng ikkje klaga over personlege årtak, kjæe Marman.  Ein leigebuar er ikkje ansvarleg for korleis det huset han leiger er oppstått,  like lite som barn er ansvarlege for dei foreldra dei har fått.  Dei som treng å bli mobba her, er først udyktige utbyggarar og arkitektar som ikkje fekk økonomi i ei terrassert utbygging, sjølv om dette prinsippet i praksis har synt seg ei gullgruve i Selvaagbygg sine hender.

Dernest bør vi få mobba duglause politikarar i plan- og teknikkutvalet, og då serleg leiaren, som slepte prosjektet gjennom utan å ta bort øverste etasje nærast vegen, eller skuva øverste blokken litt lengre ned i skråninga.

Ja,  Varden-utbygginga har finansiert bygginga av Tangenten. Som ho og hadde gjort like godt med øverste blokken litt lengre ned under bakketoppen.

Ja, flott fjordutsikt kostar pengar, og er verdt pengane. Sjå berre prisane for fjordustsikt i Drøbak-Frogn.

Dersom Amta skulle slutta ta inn artiklar om Varden-utbygginga, og anna konkelimonke med fellesverdiane, korleis skulle vi då kunna bli kvitt dei ansvarlege?

magnus robberstad

Seniorpolitikar, tidlegare 166 år i plan og bygning

1453 Bjørnemyr

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags