Neste år får Nesodden tilbake polititenestestad. Dette gjekk Nesodden Senterparti til val på for fire år sidan.

Senterpartiet nasjonalt gjekk i 2021 til val på å oppretta lokale politistasjonar/-postar i bydelane i større byar. Det er fyrst og fremst Senterpartiet si forteneste at regjeringa har varsla nyopning av polititenestestad på Nesodden.

Framover blir det viktig å sikra at minimum fem politiårsverk skal ha oppmøtestad i den flotte kommunen vår. Vi treng eit sterkt, lokalforankra politi som kan arbeida førebyggande mot born og unge. Fordi våre unge fortener det.

Nesodden Senterparti vil medverka til at politiet avdekker dei som sel og dei som brukar narkotika. Tunge og unge rusavhengige skal bli møtt med god helsehjelp og oppfølging i staden for straffereaksjonar.

Rådgjevande eining for russaker i kommunen skal få oversendt narkotikasaker frå politiet. Her skal personar møte som av politiet blir pålagt oppmøteplikt som vilkår for påtaleunnlating i saker som handlar om bruk og eige av narkotika. Desse personane skal få råd og rettleiing og tilbod om nødvendige helse- og omsorgstenester ved behov. Eininga skal også sørge for tilbod om utgreiing av andre tenester dei treng, for eksempel ulike former for oppfølgingstilbod frå NAV.

Politiet manglar i dag nødvendige verktøy for å avdekka narkotikabruk. Vi støttar politiet som ønskjer å kunne gjennomføre tvungen rusmiddeltesting ved mistanke om bruk av rusmiddel. Tek du utfordringa, justisstatsråd Emilie Enger Mehl?

Nesodden Senterparti meiner at også skule, helseteneste, NVA og foreldre – i tillegg til politiet – må kunne senda personar vidare til den kommunale ruseininga for oppfølging. Dette kan det komande kommunestyret gjera vedtak om.

Eit lokalt forankra politi vil gje auka tryggleik og betre beredskap.