- Fra kunstnerkommune til utbyggermekka

Av
DEL

LeserbrevSå lenge eg har budd her på Nesodden har kommunen briska seg med tittelen «Norges kunstnerkommune». Til kvardag og til fest har den store kunstnar tettheten vorte snakka om og poengtert.

Men no må dei nok slutta med det.

For dagens utbyggarskikk og kvadratprisen på odden vil nok ta rotta på kunsten.

I denne vekas foreningsnytt nr. 2 under overskriften «Sosial boligutbygging» vert boligprisane fra 1959 samanlikna med dagens. Redaktøren skriv at kvadratmeterprisen på Tangen no er ca. 10 ganger så høg som ein heil boligtomt i 1959.

Den gong som no vart det påpeika manglande fokus på sosial boligbygging.

Nesoddens befolkning er ikkje upåvirka av den gjengse utviklingen ellers i landet.

Dagens samlivs-statistikkar tilseier at behovet for bustader som kan betenast av ein inntekt åleine er aukande.

Kommunen meiner dog at dei som ikkje har råd til å bu berre må flytte.

Utvandring er løysinga. Men utvandring kan bli til utvatning ...

Kommunen må ikkje selge sjela si for mynt. Må tenkje nytt. Satse på kreativiteten. Innvitere til vedlikehald, gjenbruk, nytenking. Høyre på innbyggarane sine.

Miljø er så mangt ... Målet for kommunen må vel vera å halde på identiteten og hegne om innbyggarane sine.

Det krevs mot å vera kjerringa mot straumen ...#8230;

Mon tru om det blir like fint å skryta av å vera «Norges mekka for utbyggarane».

cathrine sandtorv

Følg på: cathrine sandtor

Send tekst og bilder «

Vi vil gjerne høre om smått og stort som foregår i distriktet

Artikkeltags